Vesper (Kveldsbønn) i Kapellet, Thomas Angells hus

NidarosdomenFriday 17.1119:00 - 19:30

Hver fredag innledes helgen med Vesper (kveldsbønn) etter kirkens gamle tidebønntradisjon.

Vesper ledes av frivillige gudstjenesteledere.

Velkommen!

NB! På grunn av oppussing i Kapittelhuset er Vesper flyttet til kapellet i Thomas Angells hus. Fra 1.12. vil vi være tilbake i Kapittelhuset.


Tidebøner på norsk i Nidarosdomen

Tidebønutvalet i Nidaros domkyrkjelyd har som oppgåve å koordinere arbeid med tidebøner i Domkyrkja. M.a. inneber dette å syte for at dei liturgiske funksjonane er fylte til eikvar tid, hovudsakleg med frivillege medarbeidarar i turnus.

Det blir jamnleg halde tidebøner i Nidarosdomen og Vår Frue kyrkjelydar:

  • Vesper fredagar kl. 1900 i kapittelhuset i Nidarosdomen; unnatak langfredag og juleaftan.
    Vesper følgjer liturgiane i "Tidebønner for kirkeåret" (sjå under), og varer om lag 20 minutt.
  • Sext (middagsbøn) kvardagar kl 1215 i Kvinnenes minnekapell i Nidarosdomen.
    Det nyttast eigen liturgi, som lesast. Middagsbøna varer om lag eit kvarter.
  • Om sommaren flytter middagsbøna til kapellet i Erkebispegarden.

Du er velkomen til å delta både på tidebønene, og i Nidarosdomens øvrige gudstenesteliv!


Liturgibok

Sommaren 2007 var Olavsofficiet (tidebønene til bruk ved olsoktider) for første gong samla i offisielle utgåver. Desse hefta er eit resultat av mange års arbeid med innsamling og tilrettelegging, og skuldast i hovudsak arbeidet til eldsjelene Margot Abildsnes og Irene Bergheim, samt personar dei har knytt til seg undervegs.
Distribusjonen av dei nye bøkene frå 2007 styrast av Verbum forlag. Hefta kan også kjøpast i besøkssenteret ved Nidarosdomen, og tingast frå forlaget via norske bokhandlarar.

Dei første versjonane av hefta var distribuerte via Liturgisk senter og NDR-butikken i besøkssenteret rett ved Domkyrkja. Desse utgåvene er i utgongspunktet ikkje å få tak i lenger.

  • Abildsnes, Margot; Bergheim, Irene: TIDEBØNNER I NIDAROSDOMEN, hefte 1, Vesper og Laudes for olsok.
    Nidaros domkirke i samarbeid med Liturgisk senter, Trondheim, 2005. 68 s. ISBN 82-995602-6-8. (Ny utgåve.)
  • Abildsnes, Margot; Bergheim, Irene: TIDEBØNNER I NIDAROSDOMEN, hefte 3, Vesper/aftensang for kirkeåret og Completorium.
    Nidaros domkirke i samarbeid med Liturgisk senter, Trondheim, 2004. 98s. ISBN 82-995602-4-1.
  • Abildsnes, Margot; Bergheim, Irene: TIDEBØNNER I NIDAROSDOMEN, hefte 2, Olsok, Matutin, Non og Completorium.
    Nidaros domkirke i samarbeid med Liturgisk senter, Trondheim, 2004. 86s. ISBN 82-995602-3-3.
  • Abildsnes, Margot; Bergheim, Irene: TIDEBØNNER I NIDAROSDOMEN, hefte 1, Olsok, Vesper og Laudes.
    Nidaros domkirke i samarbeid med Liturgisk senter, Trondheim, 2003. 70 s. ISBN 82-995602-1-7.