Vesper (kveldsbønn) i Kapittelhuset

Nidarosdomenfredag 20.0918:00 - 18:30

Hver fredag innledes helgen i Kapittelhuset med Vesper (kveldsbønn) etter kirkens gamle tidebønntradisjon. Vesper ledes av frivillige gudstjenesteledere.

Velkommen!

Tidebøner på norsk i Nidarosdomen

Tidebønutvalet i Nidaros domkyrkjelyd har som oppgåve å koordinere arbeid med tidebøner i Domkyrkja. M.a. inneber dette å syte for at dei liturgiske funksjonane er fylte til eikvar tid, hovudsakleg med frivillege medarbeidarar i turnus.

Det blir jamnleg halde tidebøner i Nidarosdomen og Vår Frue kyrkjelydar:

  • Vesper fredagar kl. 1800 i Kapittelhuset i Nidarosdomen. Unnatak er langfredag og juleaftan.
    Vesper følgjer liturgiane i «Tidebønner for kirkeåret» (sjå under), og varer om lag 20 minutt.
  • Sext (middagsbøn) kvardagar kl 1215 i Kvinnenes minnekapell i Nidarosdomen.
    Det nyttast eigen liturgi, som lesast. Middagsbøna varer om lag eit kvarter.
  • Om sommaren flytter middagsbøna til kapellet i Erkebispegarden.

Du er velkomen til å delta både på tidebønene, og i Nidarosdomens øvrige gudstenesteliv.


Liturgibok

Sommaren 2007 var Olavsofficiet (tidebønene til bruk ved olsoktider) for første gong samla i offisielle utgåver. Desse hefta er eit resultat av mange års arbeid med innsamling og tilrettelegging, og skuldast i hovudsak arbeidet til eldsjelene Margot Abildsnes og Irene Bergheim, samt personar dei har knytt til seg undervegs.
  • Abildsnes, Margot; Bergheim, Irene: TIDEBØNNER FRA NIDAROS, Olsok. Trondheim, 2007. ISBN 978-82-543108-6-1, 112 sider, raudt omslag.
  • Abildsnes, Margot; Bergheim, Irene: TIDEBØNNER FRA NIDAROS, Kirkeåret. Trondheim, 2007. ISBN 978-82-543108-7-8, 177 sider, grønt omslag.
Hefta kan også kjøpast i besøkssenteret ved Nidarosdomen.