Vesper (kveldsbønn) i Kapittelhuset
Nidarosdomenfredag 13.1218:00 - 18:30
Hver fredag innledes helgen i Kapittelhuset med Vesper (kveldsbønn) etter kirkens gamle tidebønntradisjon. Vesper ledes av frivillige gudstjenesteledere.
Velkommen!
Tidebøner på norsk i Nidarosdomen
Tidebønutvalet i Nidaros domkyrkjelyd har som oppgåve å koordinere arbeid med tidebøner i Domkyrkja. M.a. inneber dette å syte for at dei liturgiske funksjonane er fylte til eikvar tid, hovudsakleg med frivillege medarbeidarar i turnus.Det blir jamnleg halde tidebøner i Nidarosdomen og Vår Frue kyrkjelydar:
- Vesper fredagar kl. 1800 i Kapittelhuset i Nidarosdomen. Unnatak er langfredag og juleaftan.
Vesper følgjer liturgiane i «Tidebønner for kirkeåret» (sjå under), og varer om lag 20 minutt. - Sext (middagsbøn) kvardagar kl 1215 i Kvinnenes minnekapell i Nidarosdomen.
Det nyttast eigen liturgi, som lesast. Middagsbøna varer om lag eit kvarter. - Om sommaren flytter middagsbøna til kapellet i Erkebispegarden.
Du er velkomen til å delta både på tidebønene, og i Nidarosdomens øvrige gudstenesteliv.
Liturgibok
Sommaren 2007 var Olavsofficiet (tidebønene til bruk ved olsoktider) for første gong samla i offisielle utgåver. Desse hefta er eit resultat av mange års arbeid med innsamling og tilrettelegging, og skuldast i hovudsak arbeidet til eldsjelene Margot Abildsnes og Irene Bergheim, samt personar dei har knytt til seg undervegs.- Abildsnes, Margot; Bergheim, Irene: TIDEBØNNER FRA NIDAROS, Olsok. Trondheim, 2007. ISBN 978-82-543108-6-1, 112 sider, raudt omslag.
- Abildsnes, Margot; Bergheim, Irene: TIDEBØNNER FRA NIDAROS, Kirkeåret. Trondheim, 2007. ISBN 978-82-543108-7-8, 177 sider, grønt omslag.