Publisert 20. mars 2020

​Ord til trøyst og håp

«Knoppane på hekken vitnar om at noko er i emning. Vi veit ikkje når, men vi trur at det skal skje», skriv domprost Ragnhild Jepsen i andaktsrekken «Ord til trøyst og håp».


Mellom huset eg bur i og gata utanfor er det ein hekk. Om sommaren er den grøn og tett og gjev ly og vern frå trafikken utanfor. Det er då den er på sitt vakraste. Og det er nok difor ein tidlegare huseigar planta den.

I vintermånadene er hekken bar og naken. Men like fullt fascinerande å sjå på. Greiner og kvistar har gjennom tiår fletta seg inn i kvarandre som eit finurleg tauverk. Om den ikkje gjev så mykje ly frå trafikken i gata, gjev hekken ly og vern til småfuglane som finn saman, gjerne så langt ned mot bakken som mogleg.

Men i dag oppdaga eg at noko er i ferd med å skje.

Fuglane sat der framleis. Kjøtmeisar som trassar vinter og kulde og bles seg opp for å møte dagen, og kanskje ein framtidig make..?

Og så - knoppane på greinene! Nesten umerkelege enno. Men likevel; eit teikn på at om tida er kald og uvenleg, og vi ikkje veit om snøbygene enno ein gong vil dekke over vona om vår, så er det noko å finne trøyst i: Bare kvistar som ber liv i seg. Og vi skjønar at ein gong der framme skal noko bryte fram:

Varme, fargar, liv og fellesskap.

I denne tida er det dette vi treng: Å tru at våren skal kome. Ikkje den kalde, usikre, ugjestmilde. Men den som kjem med solstrålane som varmar, som lokkar fram att fargene, den som inviterer oss ut av einsemd og isolasjon, inn til fellesskap og glede.

Knoppane på hekken vitnar om at noko er i emning. Vi veit ikkje når, men vi trur at det skal skje. Men akkurat denne våren må vi med ei trass og ei tru vi ikkje har kjent på tidlegare legge oss sjølve og håpet vi ber på, inn i salmen :

Du vår med ljose dagar,

med lengting, liv og song,

du spår at Gud oss lagar

ein betre vår ein gong!

Ragnhild Jepsen
Domprost i Nidaros