Ukrainsk forening i Trøndelag samlar laurdag ukrainarar i Nidarosdomen for å feire den ortodokse påskehøgtida, som kjem åtte dagar etter vår feiring.

Gudstjenesten

- Vi ser kor viktig det er å kunne samle seg , tenne lys og be i fellesskap. Vi vil gjerne opne kyrkja. Det handlar om kristen nestekjærleik og å gi ei utstrakt hand, seier domprost i Nidaros, Ragnhild Jepsen.

I samband med høgtidsgudstenesta i Nidarosdomen 1.påskjedag var alle ukrainarar spesielt inviterte til å ta del i feiringa.- Og då kom det fram at dei sette pris på å vere i kyrkja og sakna ein stad å vere.


Laurdag kveld feirar difor Ukrainsk foreining påskenatta i Nidarosdomen.


Medvirkende:

  • Domprost Ragnhild Jepsen

  • Kapellan Marie Farstad

  • Medlemmer av Den ukarinske forening i Trøndelag


Velkommen til gudstjeneste!