Bygghytta ved Nidarosdomen
Bygghytta ved Nidarosdomen er eit nasjonalt kompetansesenter for verneverdige bygningar i stein. Bygghytta har, saman med 17 andre europeiske bygghytter, fått plass på UNESCO si liste over gode vernepraksisar for sin eineståande kompetanse innan tradisjonelle handverk.
Den eldste bygghytta i Norden
I Europa i mellomalderen var det vanleg å organisere bygging av katedralar i ei bygghytte. Desse bygghyttene låg ved sidan av eller i nærleiken av katedralen, og fleire handverksfag var representerte der. Restaureringsverksemda ved Nidaros domkirke (NDR) er den eldste bygghytta i Norden. NDR vart oppretta i 1869 for å byggje opp att Nidarosdomen, som delvis låg i ruinar etter fleire brannar i mellomalderen.
I bygghytta arbeider steinhoggarar, murarar, blyglasarbeidarar, tømrarar, smedar og gipsmakarar saman for å ta vare på Nidarosdomen og Erkebispegarden. I lag med handverkarane arbeider forskarar med registrering, overvaking og planlegging av nye restaureringsprosjekt. I 2020 fekk bygghytta plass på UNESCO si liste over gode vernepraksisar.
Opplæring og utdanning
I tillegg til å restaurere og halde ved like Nidarosdomen og Erkebispegarden, arbeider NDR for å ta vare på og vidareutvikle dei tradisjonelle handverka som er representerte ved bygghytta. Handlingsboren kunnskap frå dei eldre, erfarne handverkarane til dei nye har alltid vore vektlagt ved verkstadene, og tverrfagleg kunnskap blir høgt verdsett.
I dag blir den tradisjonelle, interne vidareutdanninga av handverkarane kombinert med ein bachelorutdanning i teknisk bygningsvern ved NTNU.