Publisert 21. mars 2020

​Det heilage i det alminnelege

« Maria budskapsdag» søndag 22. mars er en viktig merkedag i kirkeåret. Her kan du lese domprost Ragnhild Jepsens ord for dagen.

«Maria besøker Elisabeth» av Håkon Gullvåg.


Det heilage i det alminnelege

Maria bodskapsdag – dagen til minne om og til ære for Maria, mor til Jesus.
Ho som tok imot engelen i det enkle huset sitt i Nasaret og sa ja:
Ja til å bere fram barnet.
Ja til å gje seg ut på ein ukjend veg av kjærleik og smerte.
Ja til å gjere Guds vilje.


Gud treng ikkje å slå om seg med store fakter og stas for å kome til jorda. Gud finn sin plass i det låge og nedbøygde, i det stille og i det som ingenting er i våre auge. Vi menneske treng heller ikkje å sjå etter Gud i det som er påkosta og overveldande. Det er i våre medmenneskes blikk vi ser Gud. Det er der vi trur at Gud ikkje er, at Gud finn sin stad.

Maria tek oppgåva på seg; ho lukkar Frelsaren inne i sin kropp for ein dag ni månader seinare å gje han til verda. Maria tek på seg ei oppgåve som krev mot og som er ei vaksen handling. Og likevel er ho nesten barnleg i sin tillit. Kva visste ho om oppdraget ho sa ja til å ta på seg? I det enkle huset i Nasaret med ei utstaka framtid føre seg, - kunne ho ane kva dette barnets fødsel ville medføre for henne og for verda?

Når eit barn skal kome til verda, aner vi aldri rekkevidda av kva det vil seie å ha det nye livet mellom hendene før barnet ligg i fanget vårt. Vi kan tru at vi veit, men i virkeligheten aner vi ikkje kva det medfører av kjensler, av kjærleik, av ømhet, av framtidsuro. Det er kjensler så overveldande! Ja, dei kan vere meir bore av frykt enn av glede. Og likevel veit vi at vi aldri kan leve utan dette barnet. Det har bunde oss til seg for alltid. Det er eit før og eit etter. Verda blir aldri den same. Vi blir aldri den same.

Den unge Maria visste nok også lite om dette. Men enda mindre kunne ho vite om kva barnet hennes skulle bety for verda, for vår framtid, for vårt håp. Vår verd vart aldri den same etter at Maria sa ja til si store oppgåve.
Den tillitsfulle Maria visste ingenting om at ho ein dag skulle stå ved foten av krossen og sjå sonen sin lide ein smertefull død. Ho kunne ikkje vite at rykta skulle gå om at han som var død, hadde vist seg levande for disiplane og venene tre dagar etter at ho sjølv hadde sett han lagt i grava. Maria kan ikkje vite dette når Gabriel gjestar henne i huset i Nasaret! Men ho vart gjeven styrke til å ta i mot det som kom.
Maria kapslar Jesus inn med sin kropp. Ho let han flytte inn. Barnet veks i henne. Men ho veks sanneleg også med oppgåva ho har fått hjå Gud.

Maria bodskapsdag handlar om å stille seg open for å ta i mot det vi blir kalla til: Korleis kan eg bere Kristus til verda? Korleis kan eg med mitt liv få vitne om Frelsaren?

Maria lærer oss at vi ikkje alltid kan ta kalkulerte val og gjere risikoanalyser av kva det vil seie å velje det eine eller det andre. Det må vere noko anna som driv oss når vi tek det valet det er å fylgje Jesus. Marias liv saman med Jesus, heilt fram til den dagen ho står attmed korset og ser at han døyr, og så etter nokre dagar får sjå ei tom grav, – heile dette livet handlar om å ikkje forstå alt, men likevel elske. Martin Lönnebo sa det slik: Gud skal ein ikkje forstå. Gud skal ein elske. Maria viste oss at alle menneske kan ha fellesskap med Gud, og at om vi ikkje alltid forstår, så kan vi likevel alltid elske.

Gud opna himmelen for oss då Jesus vart fødd. Men i denne tida av uro og kaos er ein flik av himmelen også opna over oss. Vi kan sjå inn og ane, slik Maria gjorde, noko som er mykje større enn det vi kan fatte.
Likevel skal vi få ta imot. Vi skal få bere. Vi skal få tru.

Då sa Maria:
«Mi sjel høglovar Herren.
og mi ånd frydar seg i Gud, min frelsar.
For han har sett til si tenestekvinne i hennar fattigdom.
Og sjå, frå no av skal alle slekter prisa meg sæl,
for store ting har han gjort mot meg,
han, den mektige; heilagt er hans namn.
Frå slekt til slekt varer hans miskunn
over dei som ottast han.
Han gjorde storverk med sin sterke arm;
han spreidde dei som bar hovmodstankar i hjartet.
Han støytte stormenn ned frå trona
og lyfte opp dei låge.
Han metta dei svoltne med gode gåver,
men sende dei rike tomhendte frå seg.
Han tok seg av Israel, sin tenar,
og kom i hug si miskunn
slik han lova våre fedrar,
Abraham og hans ætt, til evig tid.»



Luk 1,46-55