Damer, dyr og djevlar - ny utstilling på Vestfrontplassen
Fredag opna Restaureringsverksemda ved Nidaros domkyrkje (NDR) utstillinga "Damer, dyr og djevlar" på Vestfrontplassen utanfor Nidarosdomen. Utstillinga viser bilder av nokre av katedralens mest særeigne skulpturar.
Solskin og god stemning
Utstillinga ble opna i strålande solskin og med mykje folk til stades på Vestfrontplassen framfor Nidarosdomen. Leiar for NDR, Oddmund Hoel, ønskte velkomen, forskar Øystein Ekroll fortalde om historia bak dei avbilda skulpturane og preses i Den norske kyrkje, Olav Fykse Tveit, sto for den offisielle opninga.
Utstillinga blir ståande på Vestfrontplassen i hele sommar, og i Museet Erkebispegården kan ein sjå fleire konsollhovud frå mellomalderen på nært hald.

Romanske konsollhovud fra 1100-talet
Utstillinga viser bildar av nokon av katedralens mest særeigne skulpturar. Desse er romanske konsollhove frå 1100-talet, som representerer ei merkeleg verd av damer, dyr og djevlar – og nokre menn.

Kunstnarmiljøet ved erkebispesetet i Nidaros i mellomalderen
Fleire av hovuda har likskap med dei legendariske Lewis-sjakkbrikkene, som er ein del av Vitenskapsmuseet si utstilling Havets elfenben, og dei er truleg laga av dei same kunstnarane. Likskapen gjeld særleg det store hovudet, den smale munnen og dei store auga med bora pupillar og ein fold omkring auget.
Konsollhovuda og Lewisbrikkene er bevis på at det var eit aktivt kunstnarmiljø ved erkebispesetet i Nidaros, som ble oppretta i 1153. Den store ombygginga av domkyrkja i anglo-normannisk stil på 1150-60-talet, utløyste ei stor kreativitet, som vi stadig har bevart mange rester av.



Lewis-sjakkbrikkene i utstillinga på NTNU Vitenskapsmuseet. Foto: NTNU Vitenskapsmuseet.
Sjå skulpturane på nært hald under Sommer i Borggården
Under festivalen Sommar i Borggarden, som arrangerast av Restaureringsverksemda ved Nidarosdomen 11. - 20. juli, kan du bli med på omvisinga "Ei vandring blant damer, dyr og djevlar", der arkeolog og forskar Øystein Ekroll tek deg med opp på stillaset ved Nidarosdomen – og heilt tett på dei mystiske konsollhovuda.
Desse står bak utstillinga
Formgjevinga av utstillinga er det Tank Design ved Siri Sælnes som har hatt ansvaret for, og fotoa er tekne av Jøran Wærdal frå Klipp og Lim.
Prosjektgruppa er leia av Ingrid Forseth, og ho har hatt med seg Åse Huseth og Øystein Ekroll. Øystein hadde ideen til utstillinga, han har vore fagansvarleg og er den som har skrive tekstane.