– Nokre av gudstenestene under Olavsfest er smekkfulle

Olavsfest er ein stor folkefest. Dette speglar gudstenestelivet i Nidarosdomen. Her finn du oversikt over gudstenestene.

Nidarosdomen blir eit samlingspunkt for kyrkja i Norge under Olavsfest.

– Gjennom sommaren kjem pilegrimar og andre som søkjer og ønskjer å kome nærare Gud til Nidarosdomen. Men i denne perioden er det tettpakka med folk- langvegs farande og andre, fortel sokneprest i Nidarosdomen, Andreas Grandy-Teig.

Det viktigaste under Olavsfest er Olavsfeiringa 28. - 29. juli.

– Men sjølve Olavsfest går frå 28. juli- 3. august. Me feirar frå Olsok fram til dagen for heilagkåringa, som var 3. august året etter at Olav den heilage falt i slaget på Stiklestad. I denne perioden er det små og store gudstenester. Nokre av dei er smekkfulle, medan andre ikkje har så mange tilhøyrarar.

Sokneprest Andreas Grandy-Teig ser frem til både de store gudstenestene under Olavsfest, men også dei mindre.

Under Olavsfeiringa går det kvart år to pilegrimsvandringar i Trondheim kvelden før Olsok. Pilegrimsvandringa byrjar i kvar sin bydel og er innom kyrkjene på vegen til Nidarosdomen før dei to vandringane møtast i Vår Frue kirke og alle etterpå går samla til Klemenskyrkja og vidare til midnattsgudsteneste i Nidarosdomen og Olavsvaka.

– Det er ein tradisjon som vart teken opp igjen på 90-tallet her i Trondheim. Vandringa representerer den vandringa mange pilegrimar har gjort frå langt unna. Den eine vandringa byrjar frå kyrkjesenteret på Sverresborg, medan den andre byrjar ved Lade kyrkje. Pilegrimane vandrar på ledene frå aust og vest.

Midnattsgudstenesta

Soknepresten fortel at midnattsgudstenesta er ein dei store festane.

– Eigentleg byrjar Olavsvaka allereie kl. 17.00 i Nidarosdomen med Vesper. Det er eit heilagt og folkeleg augeblikk. Under midnattsgudstenesta får pilegrimar ordet for å fortelje om si reise til Nidaros. I tillegg blir ein av dei tilreisande biskopane til Olavsfeiringa invitert til å preike. I år skal biskop Eva Nordung-Bystrôm i Hârnôsand stift i Den svenska kyrkan preike.

Midnattsgudstenesta blir avslutta med kyrkjeyden går ut i ei open våkenatt.

– Nidarosdomen er open gjennom natta. Du kan be i stillheit, bli bedd for av biskopane eller vere med i tidebønner gjennom natta. I år vil det vere meditativ musikk i domen gjennom natta. Det byrjar som ein fest og klinger ut i ein roleg stemning. Nokre greier å være vakne gjennom natta og er med på morgonbøna kl. 07.30. Dagen etter er det ei stor festgudsteneste, Olsok høymesse.

Herborg Finnset preiker under familemessa.

Familiemesse

Det er ulike gudstenester i helga knytt til Olsok.

– Søndag blir det familiemesse og biskop i Nidaros, Herborg Finnset, skal forrette og preike. Om kvelden er det messe for heling og trøst. Ei messe som har fått stor oppslutning dei siste åra.

I tillegg skjer det små og store ting i og utanfor domen kvar dag.

– Kvar dag er det marknad utanfor Nidarosdomen. Det er også morgonbøn kvar dag kl. 10.00 ved pilegrimsmålet, og kl. 15.00 er det kvar dag pilegrimsmesse i Kapittelhuset. Det er også Heilag Rast og nattverd i Kapittelhuset frå måndag 31. juli gjennom dagane.

Sokneprest Andreas Grandy-Teig tenner ljos i Kapittelhuset under pilegrimsgudsteneste.

Olavselden

På slutten av Olavsfest, 3. august, kjem pilegrimar frå Stiklestad med Olavselden, som tenner lysa under pilegrimsmessa denne dagen. 3.august er dagen for heilagkåringa, som skjedde året etter slaget på Stiklestad.

– Olavselden symboliserer lyset til Olav. Pilegrimane kjem med båt til Trondheim og fraktar med seg Olavselden.

Drop-in dåp

I år blir det drop-in dåp i Kapittelhuset under Olavsfest.

– Dette er eit lågterskel tilbod, til dei som kanskje har gått lenge og tenkt på at dei skal døype seg. Det kan vere at nokon tenkjer at høgmessa er for stor, eller ønskjer ei enkel feiring, utdjupar Grandy Teig.

Tekst: Tone Gullaksen, kommunikasjonsrådgiver Den norske kirke i Nidaros

Foto: Karina Lein, kommunikasjonsrådgiver Nidaros domkirkes sokn