Nidarosdomen får nå eit løft for framtida. Ekstra midlar i statsbudsjettet gjer det mogleg for NDR å starte arbeidet med å skifte ut dei nedslitne kopartaka.

Oddmund Hoel, direktør ved NDR, er både glad og letta etter å ha fått nyheita om økte bevillingar.

Gledeleg at regjeringa har funne rom til dette
Vi er svært glad for at vi får pengar til å starte på den store oppgåva med å skifte taka på nasjonalheilagdommen, seier Hoel.
Det har vore klart i mange år at taka må skiftast ut, og det er veldig gledeleg at kulturministeren og regjeringa no har funne rom til å prioritere dette.
Det er også særs bra og viktig at det kjem i form av ein varig auke i løyvinga til NDR.
Det gjer det mogleg med ei langsiktig planlegging av arbeidet, som vil gå over mange år.
En man i lys blå skjorte og blått blazer sitter utenfor med et hvitt lommetørkle i brystlommen, litt smilende, mot en grå bygning i bakgrunnen.
En man i lys blå skjorte og blått blazer sitter utenfor med et hvitt lommetørkle i brystlommen, litt smilende, mot en grå bygning i bakgrunnen.

Omfattande lekkasjar

Nidarosdomen sitt karakteristiske grøne kopartak er i svært dårleg stand. Nedbør og vind fører til omfattande lekkasjar, særleg i spiret og hovudskipet. Lekkasjane utgjer ein fare for murverket og kan skade både lysanlegg, orgel og andre tekniske anlegg.

NDR har i fleire år arbeidd med å utbetre lekkasjane, men kopartekkinga er jamt over i så dårleg forfatning at det ikkje er mogleg å lappe saman dagens tak.

Startar prosjektering

NDR vil no gå vidare med prosjekteringa og avklare korleis dei tek fatt på arbeidet og kor raskt det kan startast opp.

Eit omfattande arbeid
Å leggje nytt kopartak på Nidarosdomen blir eit omfattande og kostnadskrevjande arbeid, seier Rune Langås, avdelingsdirektør ved NDR.
- Det vil krevje mange tonn kopar og enorme stillasriggar.
Av både praktiske og sikkerheitsmessige grunnar er det ønskjeleg og naudsynt å dele opp den omfattande jobben i fleire delprosjekt.
Vi håper å starte det praktiske arbeidet i 2027.
Rune Langas NDR 2023 foto ina stenvig 013
Rune Langas NDR 2023 foto ina stenvig 013

Eitt av dei største sikringsprosjekta ved katedralen i moderne tid

Dagens kopartak vart lagde i samband med restaureringa av Nidarosdomen mellom 1888 og 1928. Utskiftinga av taka blir eitt av dei største sikringsprosjekta ved katedralen i moderne tid og eit viktig bidrag til å ta vare på eit av Noregs fremste kulturminne for framtida.

Fakta frå statsbudsjettet (side 84)

I tillegg foreslås det å øke bevilgningen på posten med 6,5 mill. kroner for å skifte kobbertaket på Nidarosdomen. Taket lekker, og vann som trenger inn, gir forvitring i steinkonstruksjonene. Dette øker faren for steinnedfall inne i kirka, som igjen kan skade mennesker og kulturminner. Levetiden til et kobbertak er til vanlig 100 år. De eldste delene av kobbertaket på katedralen er over 100 år gamle. Arbeidet med å skifte ut taket vil måtte utføres over tid.

Statsbudsjettet 2027 - Kultur- og likestillingsdepartementet

I tillegg gjer regjeringa framlegg om å vidareføre auken på 5 mill kr som NDR fekk i budsjettforliket for 2026.

Foto:
Bilde i toppen: Mykola Ksenofontov
Portrettbilder: Ina Stenvig