Statssekretær opna festival på historisk grunn

Statssekretær opna festival på historisk grunn
Festivalen opna i strålande solskin
Familiefestivalen Sommar i Borggården vart opna ved portalen til Erkebispegården, rett ved Nidarosdomen, i strålande solskin. Teater Basun og musikar Kriss Stemland sørga for underhaldning og statssekretær Helge Flø Kvamsås heldt ei tale.

Formidling av historie og handverk
Dette er sjette gongen Restaureringsverksemda ved Nidaros domkyrkje (NDR) arrangerer Sommar i Borggården i Erkebispegarden. Festivalen byr på ti dagar med opplevingar for både barn og vaksne. Her kan dei besøkande oppleve levende handverk, kreative verkstader, teater, omvisingar og escape rooms – alt med historia og tradisjonshandverket i sentrum.

Fekk prøve seg som steinhoggar
I Borggarden fekk statssekretær Helge Flø Kvamsås møte steinhoggarar, smedar og andre handverkarar frå NDR, som til dagleg arbeider med restaureringa av domen. Han fekk og prøve seg som steinhoggar.
Deretter gjekk besøket vidare til stillaset på sørsida til Nidarosdomens, kor eit stort restaureringsarbeid går føre seg på grunn av utfordringar med forvitring av stein. Statssekretærens besøk heldt fram med ei omvising inne i Nidarosdomen. I tillegg til opninga av Sommar i Borggården, sto samtaler om nasjonaljubileet i 2030 på agendaen under besøket.




