Nidarosdomen
Mandag 3. august kl. 12.00 - 12.45

Bli med på omvising med Ingrid Heiene, formidlar ved Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider, og oppdag nokre av merka som finst på steinane i dei eldgamle veggane.c

Gjennom nesten 1000 år har Nidarosdomen vorte “tægga” på. Her finst atskillege steinhoggarmerke, runeinnskrifter frå mellomalderen og sirleg løkkeskrift frå 1800-talet. Nokre av merka er hogde inn av steinhoggarane som bygde katedralen. Andre er rissa inn i løyndom av nokon blant dei tusenar av menneskje som har vitja kyrkja opp gjennom historia.

Denne omvisinga vart utseld to gangar under Sommer i Borggården. Nå kan den opplevast under Olavsfest.

Praktisk informasjon

  • Eigna for vaksne og ungdom
  • Varigheit ca. 45 min
  • Oppmøte ved nordinngangen av Nidarosdomen (inngangen mot Munkegata)

Andre arrangementer du kan være interessert i